Click to listen highlighted text!

Eig du minna dine?

Om du gjer, står du fritt til å buke dei som du vil?
Dette er utfordringar knytt opp til materiale som er publisert som smedevers, nidviser, nykelromanar og den aktuelle “virkelighetslitteraturen”.

Smedevers og nidviser er kanskje korkje hyggelege eller oppbyggelege, men her veit ein i det minste at forfattarane verkeleg meiner å gjere narr av, håne eller spotte namngitte personar.
Mangt eit vers er skrive i ly av å vere morosamt og det mest for den det ikkje gjeld.
Den greske diktaren Hippoanx skreiv smedevers rundt 500 år f.Kr., så slikt er like gamalt som det er nytt.

Nykelromanar skildrar verkelege personar som forfattaren har gitt oppdikta namn og hendingar som er meir eller mindre endra.
Lesaren som kjenner dei verkelege personane eller hendingane, har nykelen til å skjøne kva som er fakta og kva som er dikta.
Å bli skildra med eller utan eige namn kan vere smertefullt, og sjangeren har vore diskutert i fleire hundre år.
Nokre romanar krev at ein har nykelen. Andre er god litteratur med eller utan nykel og mange nyklar forsvinn med åra.
Det går heilt greitt å lese Agnar Mykle si bok “Lasso rundt fru Luna” utan å vite at Mykle sin svoger Terje Horsberg dukkar opp som figuren Kvase. Det får da vere måte på kva dei flest av oss veit eller treng å vite om Terje Horsberg!

Dei siste åra har diskusjonen gått rundt romanar innan omgrepet “virkelighetslitteratur”.
I desse romanane går forfattaren nærare på. Romanfigurane er gjerne bygd på eige liv, levande og nære personar, ofte med verkelege namn.
Spaltemetre er skrive om romanane til Karl Ove Knausgård.
Reaksjonane til fleire av dei omtalte var sterke, men sakene er vanskelege å prøve i retten.
Satt på spissen av Ingunn Økland i Aftenposten: “Vil man gjøre maksimal skade uten å risikere straff, så skriv en roman”.

Den siste boka til Vigdis Hjorth, “Arv og miljø”, har løyst ut noko av den same debatten.
Denne boka er nominert til Nordisk råds litteraturpris, og er trykt i meir enn 65 000 eksemplar.
Er det kynisk spel der forfattarane får mykje merksemd når ingen veit kva som er fakta eller fiksjon, eller er det ei dikta og intens skildring av å vere eit lite, forsvarslaust barn med eit skada liv?

Det kjem også romanar som ligg tett opp til biografiar om kjente personar, som t.d. boka “Hennes løgnaktige ytre” (utgitt i 2016) der Selma Lønning Aarø skildrar møtet mellom forfattarane Anna Munch og Knut Hamsun. Det møtet blei skjebnetungt. Skjedde det som i boka?

Kva er sanning? Det spørsmålet er ein stor ekspedisjon i filosofien.
Fantasien kan nå langt, og med ope sinn ventar mange store lesaropplevingar.
Piet Hein skriv: “Den der kun tar spøg for spøg, og alvor kun alvorligt, han og hun har faktisk fattet begge dele dårligt.”
God tur i litteraturens verd!

Liv B. Kiland
Fyresdal folkebibliotek

Del dette!

    Legg inn en kommentar

    © 2017 Vest Telemarkbiblioteka. Utviklet av Nordweb

    Click to listen highlighted text!