Click to listen highlighted text!

«Fortsatte bidrag til Norges Anthropologi» – Bratsberg Amt av C.O.Arbo.

Banebrytande forsking av norske «kortskaller» og «langskaller»Anno 1904.

Militærlege og fysisk antropolog Carl Oscar Eugen Arbo gjennomførde på slutten av 1800-talet systematiske undersøkingar av kroppsbygginga til norske rekruttar. I kraft av jobben sin fekk han høve til å måle hovudskallane til tusenvis av unge menn frå ulike stader i Norge, også i Telemark.

Arbo deler inn skalleformane i to hovudtyper: langskallar (dolichocephale) og kortskallar (brachycephale). Desse har undergrupper. Den germanske rasen blir definert som blonde, blåaugde langskallar, og dei er dei høgast utvikla menneska i Arbos verd. Metoden han nytta for å gje til dels drepande karakteristikkar, var ei blanding av skallemålingar frå arkeologiske utgravingar, måling av soldatar, eigne erfaringar frå besøk i dei ulike bygdene, rykte og historier han hadde høyrd frå andre. I verket sitt omtalar han folks sinnelag, utsjånad og eigenskapar i nesten kvar einaste bygd i Telemark. Nokre bygder får betre omtale/skussmål enn andre.

«Kviteseid med Annexerne Brunkeberg og Vraadal» beskriv han som «nogle af Vestthelemarkens vakreste og mest afvexlende Bygder». Han drøfter også namnet Kviteseid, og forklarer det «af den første christne Kirkes Beliggenhed paa et Eid» og nemner denne staden som «en Christendommens Forpost her mellom de vilde og stridbare Theler».
Ikkje merkeleg då at kviteseidingane i «anthropologiske Henseende» blir omtala i langt meire positive vendingar enn t.d. naboane i Seljord der «Blondhedsgraden er noget mindre end vanlig, og de mørkeblonde er forholdsvis talrige». Blondhetsgraden er uansett større i Kviteseid enn i Seljord og ansiktsforma er i hovudsak meso- og chamæprosop, som sikkert er eit godt teikn. «Legemsbygningen er utpreget Vestthelemarkisk med 31% slankbyggede». Tilstanden i sidedalene Morgedal, Ordal m.fl. synes og å vere betre enn i Seljord. Ja, Arbo fortel jamvel om seljordingane: «i gamle Dage ha det Ord paa sig, at de vare tyvagtige». «Det var ogsaa i Alminnelighed dem, som voldte mest Opstyr af forskjelligt Slags paa Graatenmoen».

Faget til Arbo finnast framleis; og særleg i USA. I dag kallast det ofte for biologisk antropologi og omfattar evolusjonshistorie og biologisk variasjon hos menneske.

Fekk du lyst til å lese meir om dette, men kanskje ikkje heile Arbo sitt verk, så finn du ein artikkel av Eivind Blikstad om skallemåleren C.O.E. Arbo i boka «Telemark fra fjell til fjære».

 

Beste helsing frå avtroppande biblioteksjef i Kviteseid.

Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek

Del dette!

    Legg inn en kommentar

    © 2017 Vest Telemarkbiblioteka. Utviklet av Nordweb

    Click to listen highlighted text!