Click to listen highlighted text!

08/05/2019 11:30
09mai2019
Seljord bibliotek, Nyveg 16, 3840 Seljord

Fra 11.30

adresse Seljord bibliotek, Nyveg 16, 3840 Seljord

9. mai kl. 11.30:  I speilet og i vannet - lyrikkprogram om Rolf Jacobsen

Rolf Jacobsen er kjent og kjær for mange poesivenner, og han skreiv dikt om alt frå moderne teknikk til kjærleik. Torsdag 9. mai kan du bli nærare kjent med både dikta og diktaren, men da må du legge turen innom Seljord bibliotek på føremiddagen! «I speilet og i vannet» er eit lyrikkprogram om Rolf Jacobsen med Anders Ribu. Vi får presentert dikt frå den fyrste samlinga Jacobsen gav ut, «Jord og jern» frå 1933 til «Nattåpent» som kom ut i 1985. Dikta kjem ikkje nødvendigvis kronologisk, heller tematisk og dei blir bunde saman av forteljingar frå diktaren sitt liv og Ribu sine eigne tankar omkring dikta og diktaren.
Alle som høyrer lydbøker kjenner stemma til Anders Ribu. Han er stemmeskodespelar og har lese inn ca. 700 lydbøker! Gratis inngang og enkel servering, ta gjerne med matpakke og ta lunsjen på biblioteket denne dagen.

 

Category:  Aktuelt Voksne

© 2017 Vest Telemarkbiblioteka. Utviklet av Nordweb

Click to listen highlighted text!